Utstillarar

Er du interessert i å vera utstillar?

Neste års Handverksmesse i Jondal er fastsett til helga 29. juni-1. juli 2018.

Påmeldingsskjema for utstillarar vert  lagt ut i veke 47. Påmeldingsfrist 1. februar 2018.

UTSTILLERLISTE 2016

REGLEMENT

Registreringsavgift kr 650,- pr utstillar skal betalast ved påmelding.

Alle produkt skal vera eigenprodusert, og alle produkt skal vera påmeldte på førehand.
Arrangør har rett til å avvisa produkt som ikkje fyller desse krava.
Arrangør har rett til å begrensa tal utstillarar innan same handverk/fag.
Utstillar som sel matvarer, skal ha naudsynt godkjenning frå Mattilsynet.
Denne skal leggjast fram for arrangør ved førespurnad.