Info

Handverksmessa vert arrangert  neste gong helga 29. juni- 1. juli 2018.

Les fjorårets messeavis i pdf her

Historia om Handverksmessa

Handverksmessa i Jondal har blitt arrangert annakvart år sidan 1986 (i partalsår), og hadde 30-årsjubileum i 2016.
Kvar messa samlar over 100 utstillarar frå heile Noreg. Handverksmessa ynskjer å vera ei motvekt til den kommersielle messeverda og legg stor vekt på kvalitet, tradisjon, mangfald og kunnskap. Alle produkt skal vera eigenproduserte.

Utstillarane set opp eigne telt/bodar på messeområdet i og ved Jondal skule. Strikking, treskjering, gravering, broderi, smykkelaging, glasblåsing, veving, keramikk, klesdesign, pilefletting og bunader er berre nokre av handverkstradisjonane du kan få kjennskap til under messedagane.

Kvar messe har sitt eige tema. Tema for Handverksmessa 2018 er …..

Handverksmessa vert arrangert på dugnad av 11 friviljuge organisasjonar i kommunen. Overskotet frå Handverksmessa vert delt ut til dei laga som deltek med friviljuge under messedagane, fordelt på antal dugnadstimar. Såleis held messa også liv i organisasjonslivet i kommunen.

Jondal er ein liten kommune ved Hardangerfjorden i Hordaland. Kommunen er mest kjend for Folgefonna, sommarskisentret og artisten Herborg Kråkevik, men vi kan også skilta med status som nasjonalparklandsby.
Jondal byr på rike naturopplevingar både langs fjorden og til fjells.

Detaljert info Handverksmessa:

Opningstider: 
fredag kl 11.00-17.30 (kan verta endra)
laurdag kl 10.00-17.30
sundag kl 10.30-16.30

Billettar: Billettar til messeområdet er delt inn i dagsbillett og gjennomgangsbillett. Sistnemnde gjev deg inngang til messeområdet alle dagane, frå fredag til sundag.
Vi tilbyr gruppepakke til grupper over 20 personar. Ta snarleg kontakt på mail handverksmessa@gmail.com
Førehandssal av alle billettar kan du kjøpa på https://handverksmessajondal.ticketco.no/
Konsertbillettar får du kjøpt på ticketco eller på messekontoret i løpet av messedagane. Ver tidleg ute!

Billettprisar:
Dagsbillett:                      vaksne kr 120,-  born kr 80,-
Gjennomgangsbillett:   vaksne kr 200,-  born kr 100,-  Born under 6 år gratis inngang.Barnebillett gjeld til og med 10.klasse.

Parkering: Parkeringsmoglegheitene er få i Jondal sentrum. Kjem du via Tørvikbygd, er det organisert parkering der like ved ferjekaien.  Messeområdet er i gangavstand frå ferjekaien i Jondal, ca 400 meter.

Framkomst: Frå Odda via Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen, køyretid ca. 35 minutt frå Odda til Jondal. Frå Utne via fv. 550, køyretid frå Utne til Jondal ca 45 minutt. Køyretid frå Bergen (via Norheimsund)er i underkant av to timar,inkl. 20 minutt ferje Tørvikbygd- Jondal.

Mat: I matteltet i Viketunet kan du kjøpa solid norsk tradisjonsmat som hakkasteik og rjomagraut, eller ein kald speketallerken. 4H tilbyr skogskafè med bålkaffi, vafler og hamburger. På skuleplassen er det ei salsbod med brus, pølser, vaflar og kaffi. 

Universell utforming: Messeområdet er tilrettelagd for rullestolbrukarar.
Det finst handicap-toalett i vestibylen og i småskulen. Kontakt oss om du lurar på noko.

Kåring: Husflidkonsulenten i Hordaland kjem til Jondal for å kåra beste utstillar-stand. Dette skjer på fredagen.

Skjermbilde 2016-06-12 12.31.02Skjermbilde 2016-06-12 12.27.35